Hei alle LEGO-fans!
Dei siste åra har eg kjøpt mykje LEGO, og no er det på tide med ei opprydding i samlinga. Eg bur og studerar i Trondheim, medan det aller meste av LEGOen min er lagra heime hos foreldra mine på Sunnmøre. Eg har 80-90 sett eg vil prøve å selge, for det meste Star Wars, og vil aller helst unngå å sende i posten. (Kan sjølvsagt gjere det, men det er så mange sett, at det hadde vore greit å få unna det meste utan å måtte sende.) Eg reknar med at det er enklare å få solgt i Trondheim enn på Sunnmøre. Eg skal heim ein tur i oktober, og tanken er då å ta med oppover dei setta eg vil selge.
Så kjem vi til utfordringa. Eg vil ikkje/har ikkje plass til å ta med alle setta, og vil helst prioritere dei setta eg veit eg får solgt. Er det nokon som har tankar om korleis eg best kan gjere det? Selge på forhånd? Er det verdt alt arbeidet å sende i posten?
Eg har laga ei liste med alle setta, stand, opna/uopna, evt manglar, osv. Har også laga ei liste med prisar, som eg har prøvd å basere på utsalgspris, popularitet, prisar på Finn o.l., men det er fleire av dei som er prisa basert på kva eg sjølv vil ha før eg klarer å kvitte meg med dei. Er dette ein dum måte å gjere det på? Vil høge prisar på nokre sett "skremme" kjøparar frå å kjøpe andre sett? Tenker i utgangspunktet å ha fastpris, men har nokon her inne erfaringar med pruting, pakkeprisar eller HBO?
Her vart det mykje på ein gong, men eg blir veldig glad om nokon tek seg tid til å dele litt LEGO-kunnskap med ein som er ganske ny i dette
Om det er ønskeleg, kan eg sjølvsagt legge ut lista mi på Brikkelauget! Den er foreløpig ikkje komplett, men det kjem etter kvart
